Nytt hos Sheltievik :)

13. apr, 2016

Ja tida flyg avgårde.. slik er det vel når ein har det kjekt? 

Kvalpane veks som berre det og på biletet er dei 23 dagar gamle! No har dei også begynt å få smake på oppblautt kvelpefòr. Det er stas det! Men, dei et ikkje så mykje enda - morsmelk er hovudnæringa og med kun to om "matfatet" er det meir enn nok til begge :-) Begge to er lova vekk til nye eigarar, men dei skal heldigvis være hos mor nokre veker til - for litt trist er det jo når dei reiser! 

Ellers har vesle Nora hatt friar på besøk! Blir veldig spanande å sjå om det blir sheltiekvalpar òg her i år :-) 

 

Fleire bilete av kvalpane ligg i Galleriet vårt: Våren 2016

1. apr, 2016

Tida går fort og no har vi jammen vokst. Vi har i tillegg opna augene, så no nærmar det seg tida for å utforske litt verda utanfor senga vår. Alle syns vi er veldig søte! Men det har vore nokre som lurte på om vi var marsvin sånn med første augekast - det syns vi berre er morosamt :-) 

Fleire bilete av oss kjem etter kvart - no har vi til og med fått fotoalbum for våren 2016 under galleri, og gjett kven som blir hovudpersonane der? Vi, sjølvsagt! Det kan du sjå her: Våren 2016 

 

18. mar, 2016

Da har to flotte tispekvalpar komt til verden her på Sheltievik. Dette er kull nr 100 av Kooikerkvalper i Norge - litt ekstra stas! 

Både mamma Rita og matmor Ellen er veldig stolte av dei nye tilskudda i familien - og så er vi ganske sikre på at pappa Kompis med matmor Olaug Therese er ganske stolte òg. :-) 

 

14. mar, 2016

Da er vi godt i gang med ny layout på sida, og denne gangen med blogg! Her skal vi prøve å få lagt ut både bileter og "prat" med smått og stort som hender i kvardagen. 

 

Matmor Ellen har nett operert ein fot og går rundt på krykker, så det blir litt lite fjellturar på både små og store for tida. Men med stort uteområde og hjelpsomme sjeler så går det likevel bra for ei stund. 

 

Vi går ein spennande vår i møte. Rita er drektig og har termin 22.Mars. Er det nokon som tør å gjette på kor mange kvalpar ho får? Ein ting er iallefall sikkert, det er alltid like spennande og kjekt når dei små kjem til verden.