2. aug, 2016

Lukke til vidare :)

Ja, da var kvalpetida over for denne gong her i Sheltievik! Det har vore kjekt og spennande å følge desse små gjennom dei første vekene og månadane i livet. No er det tid for at dei nye eigarane overtar "stafettpinnen", så da må vi berre ynskje lukke til vidare! Pass godt på ledninger og skolisser, og hald gjerne hovudenden oppover når dei blir løfta og bært på, så går det nok nesten knirkefritt! Og gløymt blir dei ikkje, vi vil gjerne følge med korleis det går :-)

 

Ellers nyt vi sommaren til trass for at vi ikkje berre har godt vær her på Vestlandet. Med (for det meste) snøfrie fjell er det mange gode turmuligheter i området, og vi treng absolutt ikkje over 20 grader og sol for å nyte ein dag på fjellet. Bada har vi òg gjort - men nokre ting gjer ein først og fremst for berre å ha gjort det, og ikkje fordi det var spesielt behagelig :-) 

 

God sommar vidare!