28. jun, 2016

Endelig min tur!

Ja, endelig var det min tur til å være med matmor på tur aleine. Småttingene mine har reist til nye heimar. Eg var litt trist i starten, men har fått masse ekstra kos og snop altså. Og når dei knapt har rukke å kome seg ut av huset, så poppar Nora ut heile 5 søte små. Ja-ja, denne gongen er det ikkje eg som må stå opp om natta for å gi dei mat, men etter kvart som kvalpane veks blir det nok travelt for alle saman her i huset likevel. 

 

Mens Nora er heime og kosar seg som mamma, får eg være med matmor på tur, og nyte å ha oppmerksomheten litt for meg sjølv. Og snakk om flaks - været har vore knallfint òg. Legger ved ein "sjølfi" eg og matmor tok på høgeheia for nokre veker sidan! 

 

- Rita