13. apr, 2016

Tida flyg!

Ja tida flyg avgårde.. slik er det vel når ein har det kjekt? 

Kvalpane veks som berre det og på biletet er dei 23 dagar gamle! No har dei også begynt å få smake på oppblautt kvelpefòr. Det er stas det! Men, dei et ikkje så mykje enda - morsmelk er hovudnæringa og med kun to om "matfatet" er det meir enn nok til begge :-) Begge to er lova vekk til nye eigarar, men dei skal heldigvis være hos mor nokre veker til - for litt trist er det jo når dei reiser! 

Ellers har vesle Nora hatt friar på besøk! Blir veldig spanande å sjå om det blir sheltiekvalpar òg her i år :-) 

 

Fleire bilete av kvalpane ligg i Galleriet vårt: Våren 2016