14. mar, 2016

Ny side - og blogg!

Da er vi godt i gang med ny layout på sida, og denne gangen med blogg! Her skal vi prøve å få lagt ut både bileter og "prat" med smått og stort som hender i kvardagen. 

 

Matmor Ellen har nett operert ein fot og går rundt på krykker, så det blir litt lite fjellturar på både små og store for tida. Men med stort uteområde og hjelpsomme sjeler så går det likevel bra for ei stund. 

 

Vi går ein spennande vår i møte. Rita er drektig og har termin 22.Mars. Er det nokon som tør å gjette på kor mange kvalpar ho får? Ein ting er iallefall sikkert, det er alltid like spennande og kjekt når dei små kjem til verden.